Om Vedholmen

Butikken på Vedholmen er ein tradisjonsrik handelsstad i Os kommune i Hordaland. Den er tilgjengeleg for både lokale innbyggjarar og for tilreisande. Vedholmen landhandel vert godt utnytta av båtfolk, spesielt i sumarhalvåret.

Inglaug Brimsholm, som har jobba på Vedholmen sidan 1965, overtok butikken tidleg på nittitalet. Nokre år seinare flytta ho butikken frå Vedholmen til lokala på nabokaien på Bruarøy, der Øiernes Handelsforening tidlegare heldt til.

I juni 2006 blei butikken med i BUNNPRIS-kjeda, fekk lågare prisar og auka både utval og opningstider.

vedholmen bilde
Vedholmen Landhandel ein fin sumardag

I tillegg til kolonialvarer får du

  • tipping og post,
  • nysteikt pizza
  • ferske bollar

Me serverer gratis kaffi på kaien, og i vår nye "gjestehytte" skjult for regn og vind.

Vedholmen er ein populær butikk og samlingsstad for både fastbuande, hytteeigarar, båtturistar og andre tilreisande. Me leiger også ut kajakkar, både enkle og doble.

Innehavar Inglaug Brimsholm tilbyr overnatting i fire nye, godt utstyrte rorbuer på naboøya Brimsholmen. I etasjen over butikken held Vedholmen Galleri til, med både lokale kunstnarar og gjesteutstillarar. Les meir om galleriet på www.vedholmen-galleri.com